Seksjonsleiar stråleterapi Helse Møre og Romsdal HF
Org. nr: - Stillingsident: 4109307471 Presentasjon av stillingen:
Vi søker seksjonsleiar stråleterapi i 100% stilling ved kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus frå 01.11.2019.
Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal er samansett av stråleterapieining, sengepost, lindrande team og poliklinikk i Ålesund, samt kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus.
Avdelinga skal gi eit breitt onkologisk tilbod til kreftpasientar. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.
Avdelinga er ein del av Klinikk for medisin og rehabilitering, og onkologisk sengepost tek imot kreftpasientar frå heile Møre og Romsdal.
Kreftavdelinga Helse Møre og Romsdal disponerer moderne utstyr for planlegging og gjennomføring av strålebehandling. Seksjon for stråleterapi er utstyrt med 2 Elekta lineærakseleratorar frå 2015 med CBCT og gating-utstyr frå C-RAD. Planleggingsavsnittet nyttar Big Bore 4D CT frå 2017 og moderne doseplanleggingsutstyr frå RaySearch.
Seksjonen tilbyr avansert strålebehandling som gating og stereotaksi. Om lag 99 % av pasientene våre behandles enten med VMAT eller h-IMRT.
Næraste overordna er avdelingssjef kreftavdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Generelle lederoppgaver med personalansvar for ansatte i stråleeininga
- Driftsansvar for stråleeininga
- Budsjett og økonomiansvar for eininga
- Koordinator for pasientflyt i stråleeininga
- Overordna stråleterapifagleg ansvar ved eininga
- Personalansvar og oppfølging
- Inngår i kreftavdelinga sitt leiarteam
- Utvikling av stråleterapieininga i takt med utviklinga innan faget
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med videreutdanning i stråleterapi, eller godkjent medisinsk fysikar
- Ønskeleg med formell leiarkompetanse og leiarerfaring
- Leiarerfaring
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert og kreativ
- Strukturert og kvalitet-bevist
- Engasjert
- Samarbeidsevne
- Innovativ
- Handlekraftig
- Motivator/pådriver
- Menneskeinteressert
- Resultatorientert
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb med mange muligheiter
- Eit fagfelt i stadig utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Siri Beate Talseth-Frilund, Seksjonsleiar, 71 12 23 74, Siri.Beate.Talseth-Frilund@helse-mr.no
Per-Erik Tødenes, Seksjonsleiar, 70 10 69 39, Per.Erik.Todenes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4109307471
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 13.08.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal