Psykologspesialist/ psykolog
Stillingsannonsen er inaktiv.Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Org. nr: - Stillingsident: 4193621012 Presentasjon av stillingen:
Vi har behov for fleire psykologspesialistar/ psykologar - vil DU bli vår nye kollega?
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til menneske som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Med bakgrunn i tilvisinga, vil dei fleste pasientar få tilbod om helsehjelp her. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Seksjonen ønskjer for øvrig å styrke kompetansen sin innan kognitiv terapi/ metakognetiv terapi.
Sjå video frå Helse Møre og Romsdal her.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing/ diagnostisering og behandling, både sjølvstendig og i samarbeid med tverrfagleg team
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
- Rettleiing internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist
- Psykologar som ikkje er ferdig spesialist kan òg søkje. Det vil bli lagt til rette for fullføring av spesialisering
- Personer med 3-årig helse- og/eller sosialfagleg utdanning og relevant vidareutdanning kan òg søkje med moglegheit for engasjement i inntil 1 år
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er nytenkjande, ansvarsbevisst og endringsorientert
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre si kompetanse
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du jobbar sjølvstendig, men samstundes fungerer godt i samarbeid med andre
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige lønsvilkår etter gjeldande overeinskomst
- Eit trivelig og utfordrande arbeidsmiljø
- Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement
- Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar
- Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
- Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
- For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Tor Nygaard, Seksjonsleiar, 71 217500, tor.nygaard@helse-mr.no
Arbeidsstad
Hagan 9
6516 Kristiansund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4193621012
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Antall stillinger
3
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 11. mai 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4193621012_Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF_webcruiter
Stillingsnummer: f6a072e6-02f5-4755-b28d-ba7fdce7ac05