Fagarbeidar
Fagarbeidar/gartnar
Teknisk drift har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar/gartnar. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
" Hovudoppgåva vil være arbeid med drift og vedlikehald av alle typar kommunale uteanlegg, grøntareal og
kyrkjegardar.
" Følgje opp grøntareal gjennom heile sesongen.
" Planlegge og gjennomføre utbetringar og fornying av kommunale uteareal.
" Jobbe med forbetringar for mest mogleg effektiv og økonomisk drift av areal.
" Arbeid innanfor veg, bygg og VA må påreknast
" Evt deltaking i kommunal VA-vaktordning
Ein må pårekna å måtte utføre andre arbeidsoppgåver som ligg til Teknisk drift
Kvalifikasjonar
" Fagbrev innan gartnar/anleggsgartnar/anleggsfag er ynskjeleg.
" Maskinførarbevis og førarkort C er ein fordel.
" Kunne bruke data som eit dagleg arbeidsverktøy
" Førarkort B/BE
" Ein må kunne meistre norsk både skriftleg og munnleg
" Den som blir tilsett må vere serviceinnstilt, løysningsorientert, kunne jobbe sjølvstendig, ha evne og vilje til
tverrfagleg samarbeid, kunne arbeide i team og være oppteken av HMS.
Generelt/Søknad sendast
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av all kommunal bygningsmasse, uteareal, vegar og vatn og avløp. Me søkjer no etter ein fagarbeidar til drift og vedlikehald av kommunale bygg og uteareal.