60% fast stilling som barnehagelærer ved Eidesåsen barnehage
Saksnr.: 19/557
Eidesåsen barnehage har ledig 60% fast stilling som barnehagelærar.
Stillinga gjeld frå 12.08.2019 eller etter nærare avtale med styrar.
Eidesåsen barnehage ligg på ei naturtomt 3km fra sentrum. Barnehage er bygd i 1991, og har 2 avdelingar til saman med 36 plassar i alderen 1-6år.
Den flotte skogen rundt barnehagen gir oss rike moglegheiter for opplevingar og erfaringar i naturen. Eidesåsen barnehage har hatt naturfag som satsingsområde sidan oppstart av barnehagen i 1991. Det er ein stor del av barnehagens profil, kultur og kompetanse.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- Ta del i det daglege arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltborna og bornegruppa
- Arbeide med å skape eit trygt og utviklande miljø for enkeltborna og bornegruppa
- Deltakar i borna sine leiker og aktivitetar
- Ha humor og vere engasjert
- Er open og har pågangsmot
- Gyldig politiattest må framleggjast ved start.
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Godkjent barnehagelærarutdanning
- Erfaring frå arbeid med born
- Personleg egnethet og interesse for faget vert vektlagd
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i nært samarbeid med kolleger
- Bidra til å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø
- Ha god digital kompetanse
Lønnsvilkår:
Etter hovudtariffavtalen
Odda kommune kan tilby:
- Interessante arbeidsoppgåver og utviklingsmoglegheiter
- Gode pensjons- og forsikringsordning
Om bedriften
Odda kommune i Hardanger har 7000 innbyggarar. Odda by er regionsenter for indre Hardanger og Folgefonnhalvøya. Her er sjukehus, vidaregåande skule, vital industri, mangfald i næringslivet og godt utbygde kommunale tenester med rikt kulturliv, moderne idrettsanlegg og friluftstilbod av høg klasse.
Storslått og mektig natur med ikona Trolltunga, Buarbreen og snøsikre skieldorado i Røldal og på Seljestad i spiss.
Odda er litteraturbyen i spennet mellom Hardangervidda og Folgefonna nasjonalpark, Røldal stavkyrkje og kraftkatedralen i Tyssedal. Vil du og bli med?