Er du sjukepleiar og vil arbeide på natt?
Org. nr: 974557746 Stillingsident: 4200634043 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) har ledig fast 50% stilling for sjukepleiar, pt. på natt på sengepost.
AFMR er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen og held til på Nordås. Avdelinga gir tilbod til pasientar som treng utgreiing, vurdering og rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Pasientane på sengepost vert overført tidleg som ein del av akuttforløpet. Som sjukepleiar får du arbeide med med komplekse medisinske problemstillingar og med spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase.
Avdelinga har to sengepostar med til saman 33 senger.
Helse Bergen ønskjer som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønskjer full stilling, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga og ein vil kunne få dag/kveldsvakter om ønskjeleg.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk sjukepleie til pasientar med behov for spesialisert rehabilitering etter ulike sjukdomar/ skadar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid innan rehabilitering er ønskjeleg
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, faglege referansar, samarbeidsevne og sjølvstende
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein avdeling med godt fagleg og sosialt miljø
- God introduksjon og oppfølging av erfaren kollega
- Strukturert opplæring med kompetanseplan i fleire trinn
Kontaktinformasjon
Elna Larsson, Ass. seksjonsleiar, 55918400
Lisbeth Sparre, Seksjonsleiar, 55918400
Arbeidsstad
Nordåsgrenda 4
5235 Rådal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4200634043
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.