60% vikariat - Kulturmedarbeidar
Me har ledig
60 % vikariat (1 år) som kulturmedarbeidar ved kultureininga i kommunen.
Dette er ein kombinert stilling, med 40 % stilling der arbeidet hovudsakleg er innan kulturminne, kulturarv og arrangement, medan 20 % av stillinga er ved Aurland Fritidsklubb. Du er velkommen til å søkje på heile stillinga, men det er fullt mogeleg å berre søkja på ein av dei. Spesifisèr i søknaden din.
Kultureininga i kommunen har mange og varierte arbeidsområde og oppgåver, blandt anna kulturskule, bibliotek, fritidsklubben, arbeid med lag og organisasjonar og administrasjon. Den tilsette vil samarbeida innad i kultur, men også med andre einingar innad i kommunen. Stillinga vil også innebere sakshandsaming for kultur.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Arbeidsoppgåver
40% kulturmedarbeidar
- sakshandsaming
- kulturarv- og kulturminnearbeid
- arrangement
- utstillingar
20% Aurland Fritidsklubb - arbeid med barn og unge
- legge tilrette for aktivitetar på ettermiddag- og kveld
- kulturmønstring
Me tilbyr
eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning innan kulturfeltet.
- Det er ein fordel at du har jobba innan kultur og at du likar å jobbe saman med andre.
- Sjølvstendig arbeid er ein føresetnad, samt at du er kreativ og løysingsorientert.
- Digital kompetanse.
- På fritidsklubben er det ynskjeleg at du er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, men det er ikkje eit absolutt krav.
- Erfaring frå arbeid med born og unge er å føretrekke.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med oss.
Om bedriften
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.