IT-sikkerheitssjef (CISO)
Vil du vere med å sikre morgondagens løysingar for banken? Sparebanken Sogn og Fjordane styrker satsinga på informasjonssikkerheit, og søkjer etter ein IT Sikkerheitssjef (CISO).
Vi søkjer etter deg som kan leie design, utvikling, drift og vedlikehald av informasjonssikkerheitsarbeidet vårt. Som sikkerheitssjef vil du bli del av eit fagleg sterkt team, med høgt tempo og spennande prosjekt.
Dine arbeidsoppgåver:
- Koordinere og følgje opp at organisasjonen jobbar i samsvar med gjeldande reglar, prosedyrar og sertifiseringar
- Jobbe proaktivt med sikkerheit på tvers av einingar, medrekna sikkerheitsopplæring og risikovurdering
- Delta i prosjekt for å sikre at våre leveransar held høg standard
- Bidra med IT-sikkerheitskompetanse mot våre tilsette
- Sikre etterleving av lover og eksterne krav
- Ha ansvar for å styre risiko innan IKT-sikkerheit
- Forvalte og vidareutvikle banken sine styringssystem for informasjonssikkerheit
- Planlegge katastrofeøvingar og sikkerheitstestar
- Rapportere til konsernleiinga og styret
Dine kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelor- eller masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring frå tilsvarande rolle
- Ønskeleg med relevante sertifiseringar innan informasjonssikkerheit (til dømes CISSP, CISM, CISA)
- Kjennskap til sikkerheitsrammeverk, standardar og lovar innan IKT (til dømes ISO27001, CIS CSS, IKT-forskrifta, Personopplysningslova, PCI, DSS)
- Erfaring med risikostyring og trusselvurderingar
- Erfaring med handtering av hendingar og kriseberedskap
Dine personlege eigenskapar
- Du er nysgjerrig og set deg raskt inn i nye løysningar
- Analytisk og strukturert
- Gode samarbeidsevner, men arbeider også godt sjølvstendig
- Vilje til å halde deg fagleg oppdatert
- Proaktiv og med evne til å fullføre og sette i gang aktivitetar
- Evne til å stå med ansvar når situasjonen krev det
Vi tilbyr
- Innovativt miljø med fokus på vidareutvikling
- Varierte oppgåver med stor grad av sjølvstende
- Hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde
- Konkurransedyktige vilkår, gode pensjons-og forsikringsordningar
- Gode moglegheiter for fagleg vidareutvikling
Dersom dette høyrest interessant ut, eller du har spørsmål til stillinga, ta kontakt med teknologidirektør, Reiel Johan Haugland, tlf.: 410 27 905. Vi gler oss til å høyre frå deg!