Konsulent/Førstekonsulent
Om stillinga
Bufetat, region vest ved Kontorfaglig eining Bergen, har ledig eit vikariat i 100% stilling i 9 månadar, med moglegheit til forlenging, som konsulent/førstekonsulent. Det er ein føremon med snarleg tiltredning.
Vi treng ein fagleg dyktig, nøyaktig og proaktiv medarbeidar som kan bidra i arbeidet med vårt viktige samfunnsoppdrag; vekst og utvikling for barn, unge og familiar.
Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
Vi ynskjer oss ein medarbeidar med vilje og evne til å arbeida sjølvstendig. Du kan forvente jamt og høgt arbeidstempo og må kunne forholda deg til å overhalde fristar for rapportering og internkontroll.
Dine arbeidsoppgåver blir blant anna:
- Kontroll og attestering av faktura for kjøps- og- leveranse garanti plasser mot kontraktar private kjøp (fosterheim og institusjon) for området Vestland
- Halde plasseringsoversikt område Vestland kontinuerleg oppdatert i tråd med informasjon som vert lagt inn i fagsystemet for det statlege barnevernet. (kontraktar, prismatriser og eventuelle vedlegg)
- Månadleg rapportering til internkontroll
- Leiarstøtte til leiar for Inntak avd. Vestland ved behov
- Ad hoc-oppgåver frå organisasjonen ellers
Ein stor del av oppgåvene handlar om å avdekke avvik og rapportere tilbake. Du må derfor evne å handtere myke og detaljert informasjon. Det er også forventa at du kan forholda deg til fristar og levere innanfor forventa ramme, vere fleksibel i forhold til arbeidstid og moglegheit for uttak av ferie dersom det er oppgåver som har kort leveringsfrist.
Kva slags bakgrunn har du?
Du må ha/vere:
- fullført utdanning på bachelornivå innan økonomiske og/eller administrative fag
- god forståing for økonomi med evne til å sjå samanhengar
- svært trygg i bruk av excel, pivot
- erfaring frå å arbeide med og kontroll av dokumenter og avtalar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, bokmål/nynorsk
Du bør ha:
- relevant erfaring frå offentleg verksemd og gjerne innan oppvekstfeltet
- erfaring frå å lese dokumentar/avtaler og hente ut relevant informasjon samt avdekka avvik
- Det er ønskjeleg at du beherskar excel på nivå for controllere og økonomar
- Det er ein fordel om du har erfaring fra arbeid i ePhorte, Contempus og BiRK
Kven ser vi etter?
Du er:
- ein tillitsskapande og serviceorientert person med fokus på samarbeid
- rask til å sette deg inn i nye oppgåver og problemstillingar og tåle eit høgt arbeidstempo
- nøyaktig og har evne til å lete etter/være oppmerksam på detaljer som kan avdekke avvik
- sjølvstendig og med gjennomføringsevne
- proaktiv i din kommunikasjonsform
For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Kva får du hos oss?
Meiningsfylt arbeid for deg som vil vere med å jobbe med vårt viktige samfunnsoppdrag. Utfordrande og varierte oppgåver innafor eit område som er under utvikling hos oss.
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode konsulent 1065 p.t. kr 382 900 - kr 458 900 pr. år (ltr 39-51), eller i stillingskode førstekonsulent 1408 p.t. kr 410 400 - kr 490 600 pr. år (ltr 44-55). Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
- Moglegheit til å trene inntil ein time i veka, i arbeidstida.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda bedre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er p.t. lagt til Kontorfagleg eining.
- Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Kontaktinformasjon
Kontorsjef Emma Ytrearne,
emma.ytrearne@bufetat.no, tlf. 466 19 089
Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Om bedriften
Om Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret er ein del av Bufetahuset i Bergen.
Kontorfagleg eining er ein støttefunksjon i staben. Vi gir kontorfaglege tenester til det statlege familievernet og barnevernet i regionen.
Eininga har 19 tilsette og er lokalisert på fire Bufetathus i regionen: Skipsbyggerhallen i Bergen, Statens hus i Stavanger, Haraldsgata i Haugesund og Storehagen i Førde.