Faste helgestillingar med turnus kvar 3. helg - Spesialisert psykosebehandling, Seksjon S5
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Bergen
Bergen
Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykose er ein lukka korttidspost med 12 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Vi har no ledig 5 faste helgestillingar med arbeid pt. kvar 3. helg med turnus dag/kveld, samt 1 fast helgestilling på natt. På grunn av samansettinga av personalgruppa oppfordrast menn til å søkje. Søkjar må vere fylt 21 år.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer at du har helsefagleg utdanning/studieretning
- Vi ønskjer søkjarar med eit par års erfaring
- Søkjar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Helsefag
- Medisin
- Sykepleie
- Vernepleie
Personlege Eigenskapar
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske
- Vi ønskjer fleksible medarbeidarar som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du må vere ansvarsbevisst og ha evne til å arbeide sjølvstendig
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivst på jobb
- Fadderordning
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Margaret Strand, Seksjonsleiar, 55958755
Liv Mala, Ass. seksjonsleiar, 55958706
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4031071828
Stillingsbrøk: 15 - 22%
Fast deltid
Startdato: 18.03.2019
Tal på stillingar: 6
Søknadsfrist: 17.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4031071828&company_id=53020070408&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Adresse
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Stillingstittel
Pleieassistent
Antall stillinger
6
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 18. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9991479
Stillingsnummer: f5dd11d5-acf8-4413-8d15-4cddbd94aee1