Bykle søkjer rektor til trivelege og veldrivne Fjellgardana skule
Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdals-kommunen Bykle, og er ein 1-7 skule med om lag 50 elevar. Skulen er i god drift, er godt utstyrt og har tidhøvelege digitale verktøy for lærarar og elevar. Kommunen har òg eit godt apparat for støtte og tilrettelegging. Nær skulen er det flotte uteområde, som gjev moglegheit for undervisning i friluft. Bygda og Setesdal er elles kjend for det unike kulturlivet, alpinanlegg og storslegne friluftsområde.
Bykle prioriterer skuleutvikling og gode læringsmiljø høgt. Rektorstillinga krev pedagogisk utdanning og naudsynt erfaring frå skuleverket. Me legg stor vekt på engasjement og kompetanse i læring, samarbeid og utvikling. Den som vert tilsett, må ha innsikt i administrative oppgåver som økonomi, personaloppfølging og lovverk. Kommunen kan hjelpe til med flytting og bustad.
Arbeidsoppgåver
- Fag, økonomi og personalansvar
- Samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Motivere tilsette og elevar til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Vere ein pådrivar og leie utviklingsarbeidet på skulen
- Følje opp dei avtalane og satsingsområda skulane har
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk utdanning/lærarutdanning
- Leiarerfaring/utdanning fortrinnsvis frå grunnskule
- Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
- Ha god innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
- God IKT - kompetanse og bruker IKT som verktøy i arbeid som skuleleiar
- Søkjarane må ha god norskkunnskap skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaper
- Målretta, beslutningsdyktig og resultatorientert
- Evne til å engasjere og motivere med medarbeidarar
- God fagkompetanse og legitimitet
- Evne å vere tydeleg, demokratisk, sjølvstendig, modig og trygg
- Positiv og fleksibel
Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeide
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga. Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i vår digitale søkerportal. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Se artikkelintervju om stillingen her: https://www.personalhuset.no/artikkel/fjellgardane-skule
For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rådgivarane i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / epost: knut.handeland@personalhuset.no eller Anne Grete Vefald, tlf. 45 28 77 28 / epost: anne.grete.vefald@personalhuset.no.