Barnehagelærar/pedagogisk leiar - vikariat
Org.nr.:975309878 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Holmedal barnehage har i perioden 19.08.2019 - 31.12.2019 ledig 100% vikariat som barnehagelærar på småbarnsavdeling. 80% av stillinga er som pedagogisk leiar.
Arbeidsoppgåver:
- Tilrettelegge for barna si læring, utvikling og danning i nært samarbeid med foreldra
- Skape eit godt leike- og læringsmiljø og bruke ulike metodar for å sikre at alle barna sine interesser, behov og mulegheiter vert ivaretekne og utvikla
- Delta i oppfølging av barn med spesielle behov
Kvalifikasjonar:
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Gode norkskunnskapar munnelg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner og datakunnskap
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer barnehagelærar med fagleg fokus og som er målbevisst, har humor og godt humør, er fleksibel, samarbeidsvillig, sjølvstendig, reflektert og løysingsorientert.
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Sidsel Anita Itland, Tlf: +47 57730761, Mobil +47 99295005, Epost: sidsel.anita.itland@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Holmedal barnehage har for tida 21 barn fordelt på 30 plassar og er organisert i ei småbarnsavdeling og ei avdeling for dei større barna. Vi brukar nærmiljøet og er ofte på tur i fjæra og bakken, i skogen og på høgder. Barnehagen samarbeider med nærskulen både ved at ungdommar har arbeidspraksis i barnehagen og at vi nyttar gymsalen. Barnehagen har stort fokus på leiken og på det gode måltid.
Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.