Helgestillingar og tilkallingsvikarar i heimetenestene og omsorgsbustadar for eldre
Org. nr: - Stillingsident: 4426438837 Presentasjon av stillingen:
Avdeling heimetenester har fleire ledige faste helgestillingar med arbeid på dag/kveld/helg, i tillegg er det behov for tilkallingsvikarar som kan ta vakter på dag, kveld og helg. Ambulerande heimetenester gruppe 1 og 2 har seks ledige helgestillingar frå 14 - 20 %. Dei har felles base ved Volda omsorgssenter og yter helse- og omsorgstenester til heimebuande rundt om i kommunen. Fjordsyn omsorgsbustadar for eldre har 30 bebuarar fordelt på tre bugrupper. Her er fire ledige helgestillingar på 11 - 15 % stilling. Barstadtun omsorgsbustadar har 26 bebuarar fordelt på tre bugrupper. Her er til saman fem ledige helgestillingar. Nokre av stillingane har arbeid kvar 3.helg, medan andre har arbeid annakvar helg.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til heimebuande i private heimar eller døgnbemanna omsorgsbustad. Du skal bidra med helsehjelp, aktivisering og gi brukarane eit godt innhald i dagen.
Dokumentering i journalsystemet Gerica etter opplæring.
Kvalifikasjonar
Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.
Du må være over 18 år gammel.
Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
Du må ha vanleg datakunnskap
Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
Sjukepleiarstudentar, vernepleiarstudentar og elevar i helsefag blir prioritert.
I ambulerande heimetenester er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden.
Du må fremlegge tilfredsstillande politiattest.
Personlege eigenskapar
Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med eldre
Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
Like utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
Ta initiativ og ansvar
Vere fleksibel og ha evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
Ha godt humør og bidra til et positivt arbeidsmiljø
Vere strukturert og presis når det gjeld arbeidstid
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande tariff
Sjølvstendig og variert arbeid
Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
Høve til fagleg og personleg utvikling
Triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Astrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenester, 95770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4426438837
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.10.2021
Søknadsfrist: 19.09.2021
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!