ID 1972 Helgestillingar - Knutsaåsen omsorgssenter
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Ved Knutsaåsen omsorgssenter arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
1. Me har ledig helgestilling for sjukepleiar i 18,73 % stilling på natt med arbeid kvar 3. helg.
2. Me har ledig helgestilling for helsefagarbeidar med arbeid kvar 3. helg og 2. helg.
3. Me har ledige stillingar for deg som ikkje har ei formell utdanning innan helse, men som har interesse for å arbeide med helsetenester på Knutsaåsen Omsorgssenter kvar 2. eller 3. helg.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy
- med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar ta kontakt med: Avdelingssjukepleiar Randi Henriksen, tlf 53 45 43 14 / 53 45 43 44, Lidveig Stubhaug, tlf: 53 45 43 06 / 53 45 43 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.