Rektor / Einingsleiar
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4373820689 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter rektor/einingsleiar ved Vikse skule.
Omtale av stilling; skulen ligg om lag 14 km frå Haugesund sentrum. Vikse skule har for skuleåret 2021/2022 - 140 elevar fordelt på 7 klassar. Rektorstillingen ved Vikse skule inneheld spanande og interessante leiaroppgåver. Her får ein driva og vidareutvikla barneskule i krins som er i utvikling. Med seg på laget får ein 18 gode og motiverte medarbeidarar. Saman med resten av Sveio-skulane arbeider Vikse skule i tråd med satsingsområda i Sveio kommune sin kvalitetsutviklingsplan der spesielt fokus no er på fagfornying og arbeid med modulkart. Vikse skule er og ein del av den desentralisert ordninga for kompetanseutvikling, -Dekom der NLA høgskulen er inne som ein partnar. Stillingane rapporterer til kommunalsjefen.
Arbeidsoppgåver
- Rektor er den faglege og pedagogiske leiar på skulen
- Rektor har delegert budsjett-, økonomi- og personalansvar
- Elevane si læring skal og må vera i fokus. Difor har Sveio-skulen høge ambisjonar for elevene si læring, og på grunn av dette, er det knytt tydelige forventningar til rektor som pedagogisk leiar
Kvalifikasjonar
- Ein tydelig pedagogisk leiar, som set elevane si læring i sentrum og har høge ambisjonar for elevane si læring
- Kan forvalta skulen sine ressursar på ein måte som sikrar godt læringsutbyte for elevane
- Er utviklingsorientert og kan nytta kunnskap om skuleforsking
- Har evne til å involvera elevane, medarbeidarane og foreldra i gode utviklingsprosessar for å skapa ein lik kultur for læring
- Har godkjend pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse for grunnskulen
- Har undervisningserfaring frå grunnskulen
- Har relevant erfaring som leiar
- Har leiarutdanning, eller er villig til å ta denne
- Godkjent politiattest må leggjast fram før ein tek til i stillinga
Personlege eigenskapar
Vi søkjer rektor / einingsleiar som har:
- gode leiareigenskapar
- gode samarbeidsevner
- evne til å byggja relasjonar og kommuniserer godt med medarbeidarane, elevane og foreldra
- evne til å gjennomføra endringar
- er reflektert
- kan gje og ta imot rettleiing
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit skulekontor som er utviklingsorientert og støttande
- Gode støttefunksjonar innanfor områda økonomi og personal
- Leiar- og rektorsamlingar der fagleg utvikling, leiarskap, erfaringsdeling og samarbeid er i fokus
- Eit godt kollegafellesskap i rektorkollegiet som er prega av profesjonalitet, samhald og openheit
- Offentleg pensjonsordning
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Elisabeth Nygaard, Kommunalsjef skule, barnehage og kultur, 452 70 402
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4373820689
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.