Sommarvikar Suldal heimeteneste
Sommarvikar
På jakt etter sommarjobb? Er du over 18 år kan me tilby deg jobb i tida mellom 22.06.20 til 16.08.20. me ber om at du spesifiserer i søknaden kvar veker du ønskjer å arbeida.
Me treng deg som er pleiemedarbeidar, miljøarbeidar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar.
Arbeidsoppgåver
-
Arbeid innan psykiatrisk og somatisk heimeteneste med arbeidsoppgåver innan heimesjukepleie, praktisk bistand, miljøarbeid og dagsenter.
-
Arbeid er i turnus med arbeid på dag, kveld, natt og helg.
Kvalifikasjonar
- Du må vere interessert, fleksibel, lojal og påliteleg.
- Du får opplæring og arbeidar både sjølvstendig og i team.
- Det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande arbeid.
- Alle søkjerane må ha gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
Søkjerar må ha førarkort klasse B.
Generelt/Søknad sendast
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00. Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
Frå 01.01.2017 skal personell som yt helse- og omsorgstenester i Suldal kommune leggja fram politiattest ved tilbod om stilling. Politiattesten skal visa om vedkomande er sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller dømd etter straffelova, og attesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar. Viser til Helse- og omsorgstenestelova §5-4 og §5-4a.
BONUS
For turnusstillingane i pleie og- heimetenestene og på sjukeheimen har Suldal kommune eige avløningreglement for ferievikarar. Dei søkjarane som kan jobba flest veker, vert føretrekte. Det vert gjeve eit tillegg på kr. 1000,- for 4. veka. Deretter kr. 2000,- pr veka f.o.m. 5. veka. Bonusen gjeld berre heile veker.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.