ID 1971 IKT driftsoperatør - IKT eininga
Støtteeining IKT har ansvar for drift- og vedlikehald av Stord kommune sitt datasystem i tillegg til brukarstøtte. I dette inngår drift av server- og programvare, klientarm, skrivarar, telefoni (fast og mobil) og nettverk. IKT-eininga har er ein pådrivar for å ta i bruk ny teknologi som skal hjepe tenesteeiningane å effektivisere og forbetre. Du må trivast i eit hektisk miljø med mange varierte oppgåver. Som driftsoperatør inngår du i eit team med dyktige fagfolk med lang erfaring, og som likar å spele kvarandre gode. IKT-eininga har også fleire lærlingar, og du vil ha delt instruktøransvar for desse.
Det er ledig fast 100% stilling som IKT driftsoperatør/IKT fagarbeidar
Arbeids- og ansvarsområde:
Rådgjeving, bestilling og reklamasjon/ garantihandsaming av alt datautstyr (klientar, skjermar, enkeltmannsutstyr m.m.)
Telefoni:
- Drift, vedlikehald og oppgradering av telefonsentral
- Linjer
- Fasttelefonar
- Mobiltelefonar
- Sjukesignalanlegg
- Sentralbord/ ekspedientstøttesystem
- Oppsett og drift av klientmaskinar (PC, nettbrett, tynnklient)
- Installasjon og klargjering
- Drift og vedlikehald
- Oppgradering
- Feilsøking og support
Audio- og videoutstyr (A/V):
- Tilrådingar
- Oppsett nye møterom
- Skjermar
- Digitale bookingsskjemar
- Infotavler
Nettverk
- Vedlikehald av brannmurreglar
- Oppsett og drift av nettverksutstyr som svitsjar og WiFi (aksesspunkt)
- Patching og oppkopling av koplingspanel og nettverksutstyr
- EM-system (styringssystem for bygg)
- Adgangssystem
- Naudlys
Brukarstøtte:
- Hald oversikt over og fordele oppgåver frå helpdesken
- linjesupport
Lærlingeinstruktør (delansvar)
Kvalifikasjonskrav:
- Minimum Fagbrev IKT.
- Kjennskap til- og erfaring frå kommunal drift er eit pluss.
- Du må vera utadvent og glad i å vera i kontakt med folk.
- Førarkort, klasse B
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Gisle Østrem, tlr 97552005
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.