Overlege - Mikrobiolog
Org. nr: - Stillingsident: 4270280339 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for medisinsk mikrobiologi omfattar 2 seksjonar; Seksjon Molde og Seksjon Ålesund
og yter service til alle sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal.
Kontorstad for legane i avdelinga er ved
seksjonen i Molde, men ein må pårekne regelmessige turar til Mikrobiologi
Ålesund.
Avdelinga har 4 overlegestillingar og 2 LIS-stillingar. Legane ved avdelinga har ein klinisk orientert arbeidsdag og
deltar daglig i tverrfaglige infeksjonsvisittar ved fleire av avdelingane i
helseforetaket. Som overlege ved avdelinga har ein undervisningsplikt for Legar
i Speialisering ved eiga avdeling. Det forventes også at en bidrar i de
regionale og nasjonale undervisningsoppgaver som avdelingen er tillagt.
Vi ønskjer å byggje eit solid fagmiljø i føretaket, og søkjer kreative og initiativrike medarbeidarar. Ønskjer du å drive med forskning kan det leggast til rette for dette.
Vi har ledig eit vikariat frå 01.10.20 - 30.09.21 med moglegheit for forlenging.
Vi tilbyr
- Tilsettingsvilkår etter gjeldande overeinskomst.
- Medlemskap i pensjonsordning, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring.
- For meir informasjon om vår region, sjå Visit Nordmøre og Romsdal.
- Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Einar Nilsen, Avdelingssjef, (+47)712 22139, Einar.Nilsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Parkveien 84
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4270280339
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 18.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal