Sommarvikarar 2022 - kjøkken og reinhald ved Vangsheimen
Org. nr: 961382246 Stillingsident: 4468946672 Presentasjon av stillingen:
Vang kommune søkjer etter sommarvikarar ved kjøkkenet, reinhald og vaskeriet på Vangsheimen for sommaren 2022.
Reinhald ved andre avdelingar i kommunen kan også vere aktuelt.
Skriv gjerne noko om din motivasjon og interesse for å vere sommarvikar innan feltet, og kvar du helst ynskjer å arbeide i prioritert rekkefølgje.
Arbeidsoppgåver
- Kjøkken: Matlaging og servering ved kjøkkenet på Vangsheimen
- Reinhald ved ulike avdelingar i Vang kommune, fortrinnsvis på Vangsheimen
- Vaskeriet - Vangsheimen
Kvalifikasjonar
- Gjerne fagkompetanse, men studentar og ufaglærte kan også søkje
- Interesse og engasjement for fagfeltet
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli, Leiar Vangsheimen og heimebaserte tenester, 61 36 95 40, stine.solemsli@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4468946672
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 20.03.2022
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.