Pakkeforløpskoordinator - Avdeling for rusmedisin (AFR)
Koordinatorstillinga er ei nyoppretta stilling, og skal sikre grunnlaget for gode forløp for pasientane. Stillinga vil vere organisatorisk plassert i Avdeling for rusmedisin. Forløpskoordinator vil ha fast kontorplass i Avdeling for rusmedisin.
Målsetjing:
Sikre gode forløp for pasientar i Bergensregionen på tvers av Bergensklinikkene og Avdeling for rusmedisin.
Særskild ansvar for koordinering ved tilvising, tett samarbeid med vurderingseininga i AFR.
Eit overordna ansvar for at forløp blir koordinert og registrert på systemnivå.
Kontakt med og leggje til rette for samarbeid med forløpskoordinator i kommunen og i dei ulike avdelingar/verksemder innan TSB og psykisk helsevern.
Arbeidsoppgåver
- Koordinator skal vere eit kontaktpunkt for alle avdelingar innan TSB
- Leggje til rette for start av forløp og vidareformidling av polikliniske konsultasjonar for pakkeforløpspasientane
- Sørgje for god struktur og logistikk opp mot samarbeidande helseføretak
- Koordinator skal ha kontakt med forløpskoordinator i kommunen og dei lokale forløpskoordinatorane i dei ulike avdelingar/verksemder innan TSB.
- Leggje til rette for at det blir gitt informasjon, rettleiing, planlegging og oppfølging av pasientar og pårørende fram til behandlingsstart, i samarbeid med forløpskoordinatorane.
- Oppfølging av henvisninger og ventelister i AFR
- Bidra til god logistikk og informasjonsflyt om pakkeforløp TSB til pasienter, pårørende og helsepersonell
- Kvalitetssikre koder for målepunktane i pakkeforløp TSB
- Bidra til utvikling av rutiner og forbetring av pasientforløp
Kvalifikasjonar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Må ha gode DIPS-kunnskapar
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Samhandlingskompetanse
- Relevant helse/sosialfagleg bakgrunn
- Relevant arbeidserfaring
- Kunnskap om rusbehandling og om pasientgruppa spesielt
- God IKT-kompetanse, kunnskap om pasientadministrative system, elektronisk pasientjournal og andre fagsystem
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad
- Profesjonsstudium
Personlege Eigenskapar
- Pakkeforløp rus involverer mange yrkesgrupper og seksjonar, og det er derfor viktig at søkjar har gode samarbeidsevner
- Vedkommande må vere fleksibel og fokusert på å utarbeide gode arbeidsmetodar slik at logistikken rundt pasientforløpa blir best mogleg
- Vi søkjer etter den rette personen som kan kommunisere godt med andre yrkesgrupper, og vere løysingsorientert
- Personleg egnethet vil bli tillagt stor vekt
- Stillingsinnehaver bør ha gode samarbeidsevner, ha eit fagleg engasjement, vere fleksibel, ha gode kommunikasjonsevner med kollegaer og pasientar, og ha gode evner til å prioritere, vurdere og å gje rettleiing
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Høgt fagleg nivå
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Eirik Elsaas, Assisterande avdelingsdirektør, 91364596, eirik.elsaas@helse-bergen.no
Monika K. Støldal, Forskingskoordinator, 41706101, monika.kvalavag@bergensklinikkene.no
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:3975508394
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 04.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3975508394&company_id=564960739&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.