Fleire vikariat i 100% stilling som barne- og ungdomsarbeider ved Åseral barne- og ungdomsskule
For skuleåret 2023/2024 vert det ledig fleire vikariat i full stilling som barne- og ungdomsarbeider ved Åseral barne -og ungdomsskule.
Vi kan vi vil, og då skal vi få det til er mottoet vårt.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, der det å arbeide saman mot felles mål er viktig for oss.
Åseral barne- og ungdomskule er ei skule på ca.110 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i Åseral kommune. Ved skulen ligg kunstgrasbane, friidrettsbane og fleirbrukshall som er mykje nytta. Nytt av året er at skulen har fått dekkjungel og sykkelbane. I tillegg har vi naturen rundt med et nyrenovert uteområde som vi prøver å nytte så godt som råd er.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene vil variere, det vil mellom anna innbere "ein til ein" arbeid, arbeid i SFO og enkelte klassar.
Kvalifikasjoner
Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeider eller tilsvarande kompetanse.
Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.
Personlige egenskaper
Vi søker medarbeidarar som:
Har evne til å skape gode relasjonar til både elevar og andre tilsette
Har evne til å leie tydeleg, strukturert, forutsigbart og sette tydlege grenser.
Er fleksible og har endringskompetanse
Har stor fagleg kompetanse og stort engasjement
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldene lover og tariffer.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige tilsette
- Rettleiing for nyutdanna
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
- Barnehageplass
- Gratis SFO
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Inger Marie Austegard, 41689111, Inger.Marie.Austegard@aseral.kommune.no
Helene Håvorstad Ljosland, 97570091, Helene.Havorstad.Ljosland@aseral.kommune.no
Arbeidssted
Gardsvegen 68
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 4629719888
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 23.03.2023
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.