S-08 Rektorstilling Førland skule
Beskrivelse av avdeling
Beskrivelse av avdeling
Tysvær kommune har 8 grunnskular med ca. 1700 elevar fordelt på 5 barneskular, 2 kombinerte skular og ein
ungdomsskule. Frå 01.08.2020 treng vi ein dyktig og engasjert rektor i 100% stilling ved Førland skule. Skulen har ca 80 elevar, og er i hovudsak ein fulldelt skule.
Visjonen for Tysværskulen er "Læring for livsmeistring", og vi har som mål å gi elevane ei framtidsretta opplæring i
trygge og gode læringsmiljø.
Vi søkjer ein rektor som
Prioriterer arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø
Er tett på elevane si læring
Er framsynt og tydeleg
Er raus og lyttande
Set krav og gir støtte til dei tilsette
Forpliktar seg på kommunen sin visjon, verdiar og etiske retningsliner
Har god økonomisk styring og disponerer tildelte ressursar til beste for skulen
Har skuleleiarerfaring og/eller skuleleiarutdanning.
Vi tilbyr
Støtte og krav frå ein framtidsretta og kompetent skuleeigar
Personleg og fagleg utvikling
Gode rammevilkår
Løn etter avtale
Lønnsvilkår
Løna blir fastsett etter reglane i hovudoverenskomsten etter utdanningsstatus og ansiennitet
Slik søker du
Tysvær kommune mottar kun elektroniske søknader. Søk via linken oppe til høgre.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52757000 dersom du treng hjelp til å søkje.
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta