Farmasøytstillingar ledig på Sjukehusapoteket i Førde - Sjukehusapoteka Vest
Stillingsannonsen er inaktiv.Sjukehusapoteka Vest
Møllendalsbakken 9, 6812 Førde
Org. nr: - Stillingsident: 4063230761 Presentasjon av stillinga:
Helse Førde HF er hovudkunde og apoteket driv og publikumsutsal på Førde Sentralsjukehus. Dei om lag 20 tilsette i Førde er fordelt på fire avdelingar: publikumsekspedisjon, sjukehusekspedisjon, produksjon og farmasøytisk rådgjevingstenester.
Vi har no ein ledige fast farmasøytstilling og eit ledig årsvikariat for farmasøyt. Stillingane plasserast i eininga som passar best med kandidatanes erfaring og kompetanse.
Vi søkjer engasjerte farmasøytar som kan bidra til å vidareutvikla Sogn og Fjordanes mest spennande arbeidsplass innan farmasi.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver vil ligge innan områda vareflyt, kundeservice, sal, produksjon og rettleiing.
- Du vil og kunne ta del i utviklingsoppgåver internt, regionalt og nasjonalt
- Andre arbeidsoppgåver kan tilfalla ved behov
Kvalifikasjonar
- Farmasøyt med autorisasjon
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
- Du må meistre godt norsk, skriftlig og munnleg
- Gode IKT kunnskap
Personlege Eigenskapar
- Stillinga krev gode samarbeidsevner, og det er forventa at den som blir tilsett skal kunne drive fram og leie utvikling gjennom teamarbeid i tverrfaglege miljø. I tillegg kunne arbeide sjølvstendig, vere løysingsorientert og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Du er positiv og imøtekommande og bidreg til trivsel og godt arbeidsmiljø.
- Det vert gjort ein samla vurdering av eigenskapane til kandidaten, der personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt
Vi tilbyr
- Jobb i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Ina Ottesen, Rådgjevar, (+47) 41283497
Marianne Saugestad, Konst. sjukehusapotekar, (+47) 55975344
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sjukehusapoteka Vest
Ref. nr.:4063230761
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid, Vikariat heltid
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 30.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4063230761&company_id=51963&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Adresse
Vievegen, 6800 Førde
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Om stillingen
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mai 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4063230761_Sjukehusapoteka Vest_webcruiter
Stillingsnummer: f3d4ceee-6d5f-4dea-826f-57712fc42d57