Fagarbeidarar i barne- og ungdomsfaget
Stillingsannonsen er inaktiv.Aurland kommune
Skule og barnehagar
Me har ledig
to 100 %stillingar som fagarbeidar ved Vangen barnehage. Stillingane er mellombels/vikariat frå 14.04.20 - 31.10.21, med moglegheit for forlenging og fast tilsetting.
Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Vangen barnehage og Flåm barnehage, ved behov kan personalet bli flytta mellom barnehagane. Vangen barnehage har i dag tre avdelingar med ca 35 barn. Det skal opprettast ei ny avdeling ved denne barnehagen august 2020 og me søkjer difor etter fagarbeidar til denne avdelinga. Fram til då vil arbeidsstad verte Flåm barnehage.
Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka
læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.
Arbeidsoppgåver
-omsette teoretisk kunnskap i praksis
-ha kunnskap om relevant lovverk
-ha kunnskap om barnehagen sine mål og andre sentrale overordna dokument
-medverke til at barnehagen når sine mål
Personlege eigenskapar
-vere tydlig rollemodell
-vere løysnings fokusert
-ta initiativ til deg daglege arbeidet
-vere fleksibel og open for endringar
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidar faget evt erfaring frå arbeid med barn. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Vi forventar at den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Det vert kravd gyldig politiattest.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Adresse
Skjerdalsvegen 25, 5745 Aurland
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 14. mars 2020
Hentet fra: Aurland kommune
Referanse: aurland-visma.alav.no/recruitment/opening?0?680
Stillingsnummer: f3cd3069-82ed-4a92-89af-9431d59dce87