Sommarvikar reinhald - Voss sjukehus
Presentasjon av stillinga:
Ved reinhald og tekstilavdelinga er det ledig sommarvikariat i perioden 24.06 - 25.08. Det er ynskjeleg at du oppgir i søknaden kva veker du kan jobbe.
Avdelinga har 13,5 årsverk og eit godt og stabilt fagmiljø med hyggelege kollegaer. Voss sjukehus har nær 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
- Vedlikehaldsoppgåver
- Smittevask
- Vask og reiing av senger
- Arbeidsoppgåver i postkjøkken
- Dag-, kvelds- og helgevakter
- Avdelinga har i tillegg reinhald av personalbustader
Kvalifikasjonar
- Erfaring innan reinhald er ønskeleg men ikkje eit krav, god opplæring blir gitt
- Må meistree norsk, skriftleg og munnleg
- Må ha gode IKT-kunnskapar
Personlege Eigenskapar
- Vera utadvendt og serviceinnstilt
- Jobbe strukturert og effektivt
- Vera punktleg og påliteleg
- Kunne arbeide sjølvstendig
- Meistre endringar av arbeidsdagen på kort varsel
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Alle tilsette får opplæring innan sjukehusreinhald
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø og teamarbeid
Kontaktinformasjon
Laila Slettemark, Seksjonsleiar, 56 53 36 10
Marthe Sigrid Gjøstein, Ass. seksjonsleiar, 56 53 36 11
Arbeidsstad
Voss
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4030315247
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat heltid
Startdato: 24.06.2019
Sluttdato: 25.08.2019
Søknadsfrist: 10.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4030315247&company_id=5302309&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.