SOMMARVIKAR I AVDELING FOR FØREBYGGING OG REHABILITERING
Hagahaugen
Avdeling for førebygging og rehabilitering har si base på Hagahaugen. Her har me rehabiliteringsavdeling, alderheimsavdeling, dagavdeling og base for kommunale fysioterapeutar og ergoterapeutar.
Avdelingar
Rehabiliteringsavdeling
Evanger aldersheim
Dagavdeling
Me søkjer
Sjukepleiarar / vernepleiarar / andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
Hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar
Studentar / elevar
Me tilbyr
- god opplæring
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Me treng ferievikarar i perioden 17. juni til 19. august
Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært
gjeld. Det er ønskjeleg med avtale på minimum 4 veker.
Gi opp kva avdeling du søkjer på.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.