Ledig 80 % fast stilling som miljøterapeut, saksnr. 20/267
Sveio kommune har butiltak for funksjonshemma barn og unge. Stemhaugen bueining ligg i Sveio sentrum. Arbeidsoppgåvene består i å rettleie og leggje til rette for at brukarane skal ha ein best mogleg livskvalitet, ved plassen dei bur og arbeidsoppgåvene dei har moglegheit for å delta på. Du må ha sertifikat for manuell bil.
Me har ledig stilling som miljøterapeut 80% fast stilling frå snarast
Turnus med arbeid 3. kvar helg. Turnus med langvakter og 4. kvar helg er under utarbeiding og med forventa oppstart 01.09.20
Me ynskjer søkjarar som:
• Me søkjer etter 3-årig helse- og sosialfaglig høgskuleutdanning.
• Me treng ein tilsett med brei erfaring i utfordrande åtferd og erfaring med rettleiing.
• Har erfaring i, og interesse av, å gi unge gode oppvekstvilkår.
• Har kunnskap om tilrettelegging for denne målgruppe.
Me legg vekt på:
• Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
• Du må være engasjert og du må kunne jobba målretta.
Du må kunne jobbe sjølvstendig, samtidig som du må kunne samarbeide tett med kollegaer.
• Du må være tilpassingsdyktig, gi rom for variasjonar og fleksibel gjennom ein arbeidsdag.
Me tilbyr:
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Ein spanande og utfordrande arbeidsplass godt etablert i naturskjønne omgivnadar
Triveleg arbeidsmiljø
Det er krav om godkjent politiattest i stillinga.
Kontaktperson:
Avdelingsleiar Kjersti Jacobsen tlf 53 74 82 97
Einingsleiar Evy Vihovde Kjellevold tlf. 53 74 81 92
Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00
SØKNADSFRIST: 15.04.2020