ID 1597 Sjukepleiarar - Eining for psykisk helse og rus
Eining for Psykisk helse og rus har ledig: 2 x 100% sjukepleiarstilling fast 1 x 60% sjukepleiarstilling vikariat i eit år. Eininga omfattar ulike tilbod, som dagsenter, bufellesskap og oppsøkande team til personar frå 18 år og oppover med rus- og/eller psykiske vanskar. Me har ledig stilling i avdeling Bufellesskap og avdeling Dagsenter --Lågterskel helsestasjon. Ein må rekne at ein vil kunne få tildelt arbeidsoppgåver generelt i eininga.
Me har brukar i fokus, kan tilby eit mangfald i arbeidsoppgåver, arbeid i fagteam, samarbeid med andre tenester, tverrfagleg samarbeid, og eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
Me søkjer etter motiverte og engasjerte medarbeidarar med gode samarbeidsevner.
og som har:
- Sjukepleiarutdanning med vidareutdanning innan fagfeltet
- Erfaring innan rus og psykisk helsefeltet
- Arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
- Er positiv, initiativrik og strukturert
- Veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur
- Vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit. Søkjar må ha sertifikat. Menn vert oppmoda til å søkje.
Sjukepleiar utan vidareutdanning, men med relevant erfaring innan fagfeltet kan bli vurdert.
Tilsetting snarast etter avtale.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Opplysingar om stillingane kan ein få ved å vende seg til einingsleiar Diana Bergeland tlf. 952 43 278, avdelingsleiar Bufellesskap Ina Blikra Valvatne tlf. 907 31 606, avdelingsleiar Dagsenter --lågterskel helsestasjon Kenneth Stenbråten tlf 994 40 508.
Søknadsfrist: 31.05 2020.