Behandlar psykisk helseteneste
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4329518260 Presentasjon av stillingen:
Psykisk helseteneste er organisert som ein del av eining Helse- og rehabilitering, og har 3 årsverk med ansvar for poliklinisk oppfølgjing av personar med psykiske lidingar og vanskar. I tillegg til oppfølgjing av personar med behov for langvarig hjelp, har avdelinga særleg fokus på å vere eit lågterskeltilbod til befolkninga i kommunen.
Vi har nå ledig 100 % stilling som behandlar ved psykisk helseteneste i Sveio kommune.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging og behandling av enkeltmennesker med utfordringar knytta til psykiske vanskar/liding
- Dokumentering i tråd med journalforskrift
- Tverrfagleg samarbeid med andre deler av hjelpeapparatet
- Koordinering
- Sakshandsaming
- Psykososialt kriseteamarbeid
Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad innan helse eller sosialfag frå høgskule/universitet
- Relevant vidareutdanning innan psykisk helse
- Erfaring innan fagfeltet psykisk helse, gjerne som behandlar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Har gode relasjons- og samarbeidsferdigheter
- Personleg dugleik blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- God pensjonsordning
- Eit hektisk og godt arbeidsmiljø
- Fleksitidsordning
- Oppstart etter avtale
Kontaktinformasjon
Tore Bøe Olsen, Einingsleiar Helse og Rehab, 974 10 814
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4329518260
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.01.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.