Ungdomsarbeidar 75% fast stilling og 25% fast stilling - Kvinnherad Ungdomssenter
Omtale av stillinga
Eining Barn og familie, tiltak og ressursavdelinga og ungdomsteamet har to ledige faste stillingar i 75% og 25 % for snarleg tilsetting. Stillingane vil ha ansvar for å drifte ungdomsbasane i kommunen (Husnes og Rosendal) i tett samarbeid med tilsette i ungdomsteamet og andre tenester/arenaer.
Å være ungdomsarbeidar er å skape eit trygt og rusfritt tilbod i og utanfor ungdomsbasen for målgruppa 8-klasse til fylte 18 år, i samarbeid med ungdomane som nyttar tilboda. Ved behov for individuell oppfølging skal ungdomsarbeidar samarbeide med utekontakt og ungdomslosar og andre støttetenester. Kontakt med politi, barnevern, skule og helsestasjon kan og være relevant.
Vi søkjer
Deg som har engasjement for ungdom og har relevant erfaring frå drift av ungdomsklubbar. Det er ein fordel at du ikkje er altfor ung, då det kan skape lojalitetskonfliktar ved behov for å være ein trygg vaksen med klare grenser.
Personlege eigenskaper
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
- Ynskeleg med erfaring frå ungdomsarbeid og aller helst frå ungdomsklubb
- Gode samarbeidsevner og god kommunikasjon er eit krav.
- Ein må være ein relasjonsbyggjar og empatisk. Ein må evne å sjå andre sine synspunkt og ikkje være dømmande.
- Er du fleksibel, kreativ og leiken er det eit fortrinn!
- Vi ynskjer stadig å utvikle tilboda våre i tett samarbeid med ungdommane som nyttar dei -- og det vil være ei av dine viktige oppgåver.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar på Husnestunet på Husnes.