Rektor ved Søre Øyane barneskule
Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Søre Øyane barneskule, med snarleg tiltreding.
Vi søkjer deg som vil vere ein kompetent, open og engasjert skuleleiar i Os og Bjørnafjorden kommune. Som skuleleiar i Os og Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Os kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.
Arbeidsstad
Søre Øyane barneskule ligg på Sundøy i Os kommune i eit idyllisk og maritimt miljø. Vi er ein skule i vekst, med 127 elevar frå 1.-7.trinn. Satsingsområda til skulen er lesing og sosial kompetanse. I tillegg har vi ei lokal tilpassing innan det maritime i vår læreplan.
Vår visjon: -samhald og meistring
For meir informasjon om skulen, sjå skulens heimeside: http://www.soreoyane.gs.hl.no Arbeidsoppgåver
- Å leie skulen sitt leiarteam
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar - Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Søkjarar må ha særs gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Os og Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. Ønska kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse
- God IKT- kompetanse
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
Vi ser etter deg som:
- er løysingsorientert og god på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
- Leiarstøtte og mentor -ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Slik søkjer du Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Om bedriften
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen
kan by på dei vakraste natur- og kultur-opplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.