Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4364973937 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 70 % vikariat som sjukepleiar ved helse og omsorg, seksjon raud. Stillinga er ledig 1 år frå dags dato. Turnusen er for tida to-delt, med arbeid to av 6 helgar. Stillinga kan ikkje delast opp.
Seksjon raud er ein del av Herøy omsorgssenter, og er lokalisert på Eggesbønes.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiefaglege arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
-
Har bachelorutdanning som sjukepleiar
-
Erfaring frå arbeid i sjukeheim kan vere ein fordel
-
Kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
-
Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- Likar faglege utfordringar
- Evnar å samarbeide i team
- Har fokus på heilskapleg pasientforløp
- Er strukturert , sjølvstendig og evnar å prioritere arbeidsoppgåver
- Er løysningsorientert og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Politiattest må kunne leggast fram før tilsetting.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Pensjonsordning og frivillig fritidsforsikring
- Fagdag i turnus kvar 6. veke
- BAT (bevegelig arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus.
- Godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort
Kontaktinformasjon
Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, 97020582
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5A
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4364973937
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 10.05.2021
Sluttdato: 15.05.2022
Søknadsfrist: 26.04.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!