Helse Førde søkjer trainee innan innovasjon
Brenn du for innovasjon og utvikling? Vi treng deg på laget for å bygge innovasjonskultur og bidra til utvikling av framtidas helsetenester.
Vi tilbyr trainee-stilling som innovasjonsmedarbeider med kontorstad i Førde. Stillinga er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i 2020/21.
Vi er eit framoverlent helseføretak i Helse Vest. Som trainee i Helse Førde vil du bli ein del av den største arbeidsplassen i vår region. Det er mykje spennande på gang for tida, med ei milliardutbygging av Førde sentralsjukehus. Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass i eit miljø som jobbar tett saman med Høgskulen på Vestlandet gjennom felles Senter for helseforsking.
Stillinga er lagt til Fag og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon. Seksjonen si hovudoppgåve er å støtte opp om forsking og innovasjon i føretaket.
Arbeidsoppgåvene er allsidige med hovudvekt på å:
- Delta i utviklingsprosjekt
- Arrangere tverrfaglege møteplassar
- Bidra i kommunikasjonsarbeid
- Initiere nye utviklings- og samarbeidsprosjekt
- Hjelpe tilsette med søknadsskriving og vidareutvikling av idear
Som innovasjonsmedarbeidar hjå oss vil du få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og i stor grad kunne påverke eigen arbeidsdag. Vi ønskjer ein trainee som kan vere med å tenke nytt, bidra til å skape innovasjonskultur og har interesse for både helsefeltet og nyskaping.
Du er ein lagspelar med interesse og forståing for innovasjonsmetodikk og prosessar. Du likar å lære nye ting, og evnar å tenke heilskapleg. Du er nysgjerrig og positiv med gode kommunikasjonsevner. Gjerne med erfaring frå enkel grafisk design.
Ønska kvalifikasjonar er relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Gjerne utdanning innan innovasjon, tenestedesign, samfunnsvitskap, organisasjonsutvikling, teknologi, økonomi eller helse.
Om bedriften
Helse Førde har om lag 2.500 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til deg som pasient hos oss.
Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Vi er per i dag organisert i to somatiske klinikkar - Medisinsk klinikk og Kirurgisk klinikk. Psykisk helsevern organiserer vårt arbeid innan psykiatrien. Vi har også ein divisjon for intern service som gjev støttefunksjonar i den daglege drifta.