Fastlege
Org. nr: - Stillingsident: 4182964939 Presentasjon av stillingen:
Stad kommune har ledig vikariat som fastlege i godt opparbeidd praksis i kommunalt drive legekontor på Nordfjordeid i perioden juni 2020 til august 2021.
Fastlegeheimelen har ei listelengde på 800 pasientar i tillegg til 16% kommunal stilling knytt til helsestasjonen. Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og offentlege arbeidsoppgåver.
Legetenesta i Stad kommune er organisatorisk plassert i eining for helse saman med fysio- og ergoterapitenesta, samt helsestasjonen. Stad kommune har to legekontor som begge er kommunalt drive. Legetenesta i Stad har 11 fastlegeheimlar. Legekontoret har Infodoc Plenario journalsystem.
Legekontoret på Nordfjordeid har eit godt fagmiljø med sju andre fastlegar, ein turnuslege og personell i resepsjon/laboratorium. Det er kort avstand til Nordfjord sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, lab, rtg, skadepoliklinikk, samt døgntilbod på distriktspsykiatrisk senter og på ruspost.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og
offentlege arbeidsoppgåver - 8-delt kommunal legevakt frå kl. 08.00 til kl. 16.00 på kvardagar. Resten av døgnet og i helgar om lag 20-delt legevakt knytt til Nordfjord legevaktsentral (om lag 22 000 innbyggjarar)
Kvalifikasjonar
Må ha norsk autorisasjon som lege og fylle krava for refusjon frå HELFO
Personlege eigenskapar
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Godt opparbeidd allmennmedisinsk praksis i eit godt kollegialt fellesskap.
- Gode økonomiske betingelsar
Kontaktinformasjon
Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41694203
Arbeidsstad
Bøen 5
6770 Nordfjordeid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommune
Referansenr.:4182964939
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.06.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!