Driftsoperatør, vikariat
Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med over 600 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår.
Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
Me søkjer ein blid og engasjert vikar til vårt tilvekstsenter på Moster. Vikariatet vil vara omlag eit år, med mogleg forlenging. Dette er ein spennande og utfordrande jobb, der hovudmålet er å sikre optimal fôring av fisken. Erfaring frå havbruk er ein fordel, men alle som har interesse for havbruk vert oppfordra til å søkje. Arbeidstida vil variere med årstida og produksjon.
Arbeidsoppgåver
- fjernfôring av fisk gjennom datasystem og videokøyring
- produksjonsoppfølging
- registrering av daglege produksjonsdata og rapportering
- kommunikasjon og samhandling med personell på sjø
Kvalifikasjonar
- forståing og interesse for biologi og teknologi
- generelt god IT-kompetanse
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- utdanning innan akvakultur eller relevant fagområde kan vera ein fordel
Personlege eigenskapar
- flink til å kommunisere med andre
- gode haldningar til helse, miljø og sikkerheit
- engasjert og genuint opptatt av å få teamet til å fungere optimalt
- strukturert, analytisk og sjølvstendig
Vi tilbyr
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- høve til å utvikla deg både personleg og fagleg i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- konkurransedyktige vilkår i eit arbeidsmiljø med stabile rammevilkår
Har du spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med driftlsleiar Anders Eidet Vik på tlf. 92648724
Kontaktinformasjon
Anders Eidet Vik, Driftsleiar, 92648724Arbeidsstad
Serklauvvegen5440 Mosterhamn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremnes SeashoreReferansenr.: 4614489963
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 19.02.2023