Fast helgestilling - Psykiatrisk akuttmottak (PAM2)
Psykiatrisk klinikk består av tre avdelingar: psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling for psykose og Avdeling for stemningslidingar.
Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gjev akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.
Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter endt opphald i PAM vert pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tek imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.
På sengepostane (PAM 1/ PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 2 er ein lukka post med 10 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Vi har nå ledig ei fast 17% helgestilling med arbeid pt på dag/kveld.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta kvar enkelt pasient
- Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling
- Planleggje og iverksetje miljøtiltak
- Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving
- Pårørandearbeid
- Praktisk arbeid
Kvalifikasjonar
- For sjukepleiar/ vernepleiar/ hjelpepleiar er det krav om norsk autorisasjon
- Studentar innan helsefag
- Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Vernepleie
- Sykepleie
- Helsefag
Utdanningsnivå
- Fagskole / Fagbrev
- Høyskole / Universitet, årsstudie / grunnfag
Personlege Eigenskapar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, så som evne til samarbeid
- Ansvarsbevisst
- Interesse for sjukeleie som fag
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Pasientorientert
- Gode kommunikasjonseevner
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå
- Rettleiing
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Urd Hege Loftesnes, Seksjonsleiar, 55956422
Cathrine Stue Børhaug, Assisterande seksjonsleiar, 559566480
Arbeidsstad
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4046423238
Stillingsbrøk: 17%
Fast deltid
Startdato: 06.05.2019
Tal på stillingar: 3
Søknadsfrist: 08.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4046423238&company_id=53020070302&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.