Undervisningsinspektør/avdelingsleiar - Os ungdomsskule
Ønskjer du å vera med på å forma den gode skulen i Os?
Os ungdomsskule har ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør/avdelingsleiar frå 01.01.2020.
Arbeidsstad
Os ungdomsskule. Skulen ligg sentralt til i Os sentrum, har 60 tilsette og 410 elevar fordelt med 5 klassar på kvart trinn.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein klok, sjølvstendig og innovativ skuleleiar som saman med resten av leiarteamet kan utøva
Personalarbeid med
- evne til å inspirera andre og bidra til arbeidsglede
- evne til å samarbeide og skapa gode relasjonar
Pedagogisk utviklingsarbeid med:
- engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat
- evne til å tenkje heilskap rundt oppvekstmiljøet
Forvaltningsarbeid med:
- evne til å leia på ein forsvarleg måte
- ei strukturert arbeidsform
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein skuleleiar med pedagogisk utdanning på høgskule-/universitets-nivå, med god IKT- kompetanse og relevant leiarerfaring. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Om bedriften
I januar 2020 blir kommunane Os og Fusa slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen vil ha om lag 25 000 innbyggarar og vere i sterk vekst. Vi vil legge til rette for gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og - ikkje minst - gjere det vi seier.