Sosionom i Bergenhus allmenpoliklinikk, Kronstad DPS
Org. nr: - Stillingsident: 4097636262 Presentasjon av stillingen:
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen, Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit nytt, flott og moderne bygg på Danmarksplass. Poliklinikken har ansvaret for Bergenhus bydel med 35 000 innbyggjarar og 10 000 studentar.
Poliklinikken er organisert i to allmennpsykiatriske team. Poliklinikken har fire overlegar og ein lege i spesialisering, ni psykologspesialistar, to psykologar, ein klinisk sosionom og ein psykiatrisk sjukepleiar.
Poliklinikken tar imot tilvisingar frå fastlegar, legevakta, sjukehuset eller private spesialistar. Kronstad DPS har også tilbod om dagleg akutt-time for vurdering av pasientar som treng dette. Vi samarbeider med andre delar av Kronstad DPS som gruppebasert dagavdeling, sengepostane ved DPS og ambulant akutteam.
Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima, eit godt arbeidsmljø og brei kompetanse mellom anna innan gruppepsykoterapi, psykodynamisk psykoterapi, kognitiv terapi, psykoedukasjon, traumebehandling og biologisk behandlingsmetodar. Poliklinikken har internundervising saman med Kronstad allmennpoliklinikk Årstad, samt at det er undervising for heile Kronstad DPS.
Vi har ledig ei 100% fast stilling som sosionom og søkjer ein engasjert og positiv fagperson med interesse for poliklinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og behandling av tilviste pasientar i poliklinikken
- Betre livskvalitet og gje den sosialfaglege bistanden som er nødvendig for å oppfylle mål for den enkelte pasient
- Sikre at pasienten sine trygde- og sosiale rettigheter blir ivaretatt
- Formidle kontakt mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, for eksempel NAV, psykisk helseteneste i kommunen og barnevernstenesta
- Råd og retteiing til arbeidsretta aktvivitet og studiar
- Kartleggje og gi råd og rettleiing i økonomiske forhold
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med erfaring frå NAV og det kommunale tenesteapparat
- Ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rus
- Ønskjeleg med erfaring frå poliklinikk og allmenpsykiatrisk verksemd
- Ønskjeleg med kunnskap og kompetanse innan kognitiv terapi eller andre relevante terapiretningar
Utdanningsretning
- Sosionom
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Gode evner til kontaktetablering og nettverkskyndig
- Engasjert og fleksibel med interesse for å møte pasienten med respekt og fagleg tilnærming
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Godt arbeidsmiljø
- Høg fagleg nivå mellom dei tilsette
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Kristin Johannessen, Seksjonsleiar, 55 95 60 00, Kristin.johannessen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 36
5054 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenummer:4097636262
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.09.2019
Søknadsfrist: 05.08.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.