2. gongs utlysing kyrkjeverje / dagleg leiar
Org. nr: - Stillingsident: 4203318279 Presentasjon av stillingen:
Austevoll sokneråd i Fana prosti, i Bjørgvin Bispedømme, har ledig 100% stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar. Austevoll sokn har eit sokneråd som også har fellesrådsfunksjon. Stillinga er ledig frå 01.09.2020. Austevoll kommune er ein kystkommune, ein times reise sør for Bergen. Kommunen har ca 5200 innbygjarar. Folketalet er aukande og kommunen utmerkar seg med eit aktivt næringsliv, ei storslått og vakker natur med mogelegheit for eit rikt og variert friluftsliv, og med gode oppvekstvilkår. Det er gode hurtigbåt- og ferjetilbod både mot Bergen i nord og Haugesund/Stavanger i sør. I soknet er det 5 kyrkjer, 1 kapell og 11 gravplassar. Soknet har 7 kyrkjeleg tilsette og mange friviljuge medarbeidarar. Komunikasjonen med kommuneadministrasjonen er god. Austevoll er ein god kommune å bu i og me opplever at kyrkja står sterkt i folket. Dette gjer Austevoll kyrkjelyd til ein intressant og utfordrande arbeidsplass.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiar for fellesrådet og soknerådet si verksemd
- Personalansvar for tilsette
- Økonomi og administrasjon
- Drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar
- Sakshandsaming og sekretær for fellesråd/sokneråd
- Styrkja kontakten med kommunen og andre samfunnsaktørar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning/realkompetanse innan kyrkjefag, økonomi, administrasjon og personalleiing
- Kjennskap til kyrkjeleg verksemd
- Gode IKT ferdigheter ¤ Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
- Medlemskap i Den norske kyrkja
- Beherske begge målføre
Personlige eigenskapar
- Vi søkjer ein engasjert og samlande person som kan bidra til utvikling og nyskaping i Austevoll kyrkjelyd.
Vi tilbyr
- Kontor og godt kollegafellesskap
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
- Grunnkurs for kirkeverger
Kontaktinformasjon
Jan-Tørres Nordstrand, Kyrkjeverja i Austevoll, 95242290
Karen Kvinge , 55082600
Arbeidssted
5392 Storebø
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Austevoll sokneråd
Referansenr.:4203318279
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2020