Heimehjelp
Kort om stillinga
Ved Suldal heimeteneste er det ledig 80 % stilling for heimehjelp frå snarast.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver for stillinga er å yte hjelp til praktiske oppgåver til heimebuande i kommunen.
Aktuelle søkjerar kan bli kalla inn til intervju.
Ved intern tilsetjing/omrokkering kan du få tilbod om anna stillingsstorleik. Deler av stillinga kan søkjast på som stillingsauke.
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande arbeid.
Førarkort klasse B.
Alle søkjerar må ha gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
Generelt/Søknad sendast
Det er ikkje mogleg å leggje med vedlegg. Rettkjende kopier av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
Frå 01.01.2017 skal alt personell som yt helse- og omsorgstenester i Suldal kommuine leggje fram politiattest ved tilbod om stillinga. Politiattesten skal vise om vedkomande er sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller dømd etter straffelova, og attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader. Viser til helse- og omsorgstenestelova §5-4 og 5-4a.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Suldal kommune oppfordrar alle til å søkje på stillinga digitalt. Søkjerar som ikkje kan søkje via nett, ta kontakt med servicetorget tlf 52 79 22 00.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.