Helsefagarbeidar - 100% vikariat, Nordgardstunet
Stillingsinformasjon
Det er ledig vikariat i 100 % stilling for helsefagarbeidar ved langtidsavdelinga, Nordgardstunet, i perioden 15.04.2019 - 15.08.2019.
Vi vektlegg god fagleg kompetanse i behandling, pleie og omsorg for alvorleg sjuke og døande pasientar.
Vidare er det viktig med god evne til å skapa eit triveleg miljø for pasientar, pårørande og medarbeidarar.
Arbeidsplass
Meland Sjukeheim har denne visjonen:
Omsorg med livsglede og kompetanse.
Våre verdiar er:
Respekt - Tillit - Livsglede.
Meland sjukeheim har desse avdelingane:
- Korttidsavdeling - Solkroken
- Langtidsavdeling - Nordgardstunet og Lerketunet
- Dagsenter for eldre
- Institusjonskjøkken
Meland Sjukeheim arbeider med eit prosjekt for å styrkja kvalitet på tenesta.
Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur.
Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie, fritid og auke i stillingsstorleik.
Ved Nordgardstunet bur det 22 bebuarar/ pasientar.
Kvalifikasjonskrav
Fagbrev som helsefagarbeidar.
Erfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt som bla gode samarbeidsevner, interesse for eldreomsorg og at ein er med å skaper gode tilhøve for dagleg aktivitet .
Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning
Godt arbeidsmiljø
Fagleg stimulerande miljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
IA-bedrift.
Søknad skal sendast
Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.
Generell informasjon
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga.
Om bedriften
Meland kommune er ein del av Nordhordlandsregionen og nabokommune til Bergen. Kommunen opplever sterk folkevekst og har eit innbyggjartal på ca. 8.000. Det er god kollektivtransport til/frå Bergen med hurtigbåt eller ekspressbuss, og reisetida frå Bergen til kommunesenteret Frekhaug er under 1/2 time.For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene kommune er tillagt treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Meland kommune har ei verdimessig forankring som kjem til uttrykk gjennom visjonen vår "Eit samfunn for alle".