Helsesekretær/sekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4064883000 Presentasjon av stillingen:
Poliklinikken er organisert i Klinikk for kvinner, barn og unge, avdeling for psykisk helsevern for barn og unge. Avdelinga har 4 poliklinikkar, døgnseksjon (Ålesund) og seksjon for familiebehandling (Molde)
Poliklinikken BUP Volda har eit breitt samansett og spanande fagmiljø. Poliklinikken har tre tverrfaglege team sombestår av spesialistar frå andre faggrupper som legar, psykologar, pedagogar, sosionomar og barnevernspedagogar.
Vi har no ledig vikariat i 70% stilling for helsesekretær/sekretær i perioden 01.06.2019 - 31.05.2020.
Det kan også vere rom for ekstravakter i tillegg til stillingsprosent, dersom seksjonen har behov for det.
Arbeidsoppgåver
Telefontenester
Mottak av pasientar
Pasientrelatert skrivearbeid
Varebestilling
Handtering av personalsystem
Testskåring
Kvalifikasjonar
Erfaring frå poliklinisk arbeid er ønskjeleg:
Kjennskap til sentrale dataprogram; SAP, MyWay2PAS, PRS, DocuLive vil vere ein fordel.
Gode kunnskapar i norsk språk, muntleg og skriftleg
Personleg eignaheit vil verte lagt vekt på
Tilsettinga medfører framlegging av politiattest.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande overeinskomst
Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett tilstilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverertilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevarvil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven§ 25).
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Kontaktinformasjon
Kari Standal, Seksjonsleiar, 70058570, kari.standal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4064883000
Stillingsprosent: 70%
Startdato: 01.06.2019
Sluttdato: 31.05.2020
Søknadsfrist: 30.04.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har omlag 6500 tilsette. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande