Helgestilling som jordmor
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4272637084 Presentasjon av stillingen:
Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar?
Vi søkjer etter jordmødre som ønskjer å jobbe helg. Fødeseksjonen ved Kvinneklinikken har om lag 4600 fødslar årleg. Vi har tre fødeeiningar: Føde 1, Føde 2 og Storken, samt ei eigen barseleining. Føde 1 har ansvar for dei kompliserte fødslane, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. På Barsel blir kvinner og nyfødde med komplikasjonar etter fødsel tatt vare på. Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining. Føde 2 er også ei kombinert eining, og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. I løpet av 2020 skal Føde 1 og Barsel slåast saman til og å bli ei kombinert føde-barseleining. Dette er ein del av organisasjonsutviklinga fram mot flytting til Glasblokkene i 2023. Kvinneklinikken er såleis inne i ei svært spennande tid med fokus på utvikling og førebuing til flyttinga.
Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønskjer å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Det er tett samarbeid mellom dei 4 føde og barsel-seksjonane, og både faglege og administrative oppgåver blir utført i samhandling med dei andre einingane.
Vi søkjer etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga Fødeavdelinga, og dei etter kvart 3 kombinerte føde-barseleiningane her. Vi søkjer etter jordmødrer som har interesse for heile fagfeltet.
Stillinga kan vere på 20 - 30%. Oppstartsdato kan tilpassast.
Arbeidsoppgåver
- Jordmorfagleg ansvar for føde-barselkvinner
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som jordmor
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå
- Det vil bli turnusarbeid med arbeid i helgene
Utdanningsretning
- Sjukepleie
- Jordmor
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Martha Vadset, Avdelingsjordmor, 55974277, mvad@helse-bergen.no
Kristin Aase Boge, Avdelingsjordmor, 55974334, boge@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4272637084
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.