Styrar
Org. nr: - Stillingsident: 4340579892 Presentasjon av stillingen:
Er du fagleg sterk, energisk og har lyst til å være med å vidareutvikle Lunde barnehage? Har du evna til å balansere resultatansvar for drift med å skape eit tillitsbasert arbeidsmiljø? Er du ein leiar som har mot og evne til å setje borna, med fokus på trygg tilknytning, og leiken fyrst?
Tysnes kommune har tilsaman 4 barnehagar som samarbeider godt og er oppteken av leik, psykososialt barnehagemiljø og eit utviklande læringsmiljø. Visjonen vår er: glade vaksne - glade barn! Barnehagane er oppteken avå bygge gode relasjonar blant barn, personale og foreldre.
Lunde barnehage har i dag om lag 54 plassar, og ligg sentralt i Lundebygda på Tysnes. Barnehagen har eit fint uteområde, og nyttar like mykje naturen og nærmområda rundt til turar og leik. For tida skal me igong med ombygging av barnehagen, og styrar vil få ei sentral rolle i denne prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Administrere barnehagen: fagansvar, personalansvar og budsjettansvar
- Leie det pedagogiske arbeidet i høve til gjeldande rammeverk
- Leie arbeidet med å vidareutvikle barnehagen som pedagogisk verksemd
- Bidra til eit trygt og inkluderande miljø i barnehagen
- Bidra til godt samarbeid på tvers av barnehagane og med andre tenester
- Leie arbeidet med å initiere og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid
- Sikre eit trygt og godt arbeids- og leikemiljø
- Sørgje for at økonomisk/administrativ drift er ivareteke etter kommunen sine krav
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar eller tilsvarande høgskuleutdanning
- Erfaring som barnehagestyrar eller tilsvarande leiarerfaring
- Høg kompetanse og fagleg oppdatert på barnehagefaget
- Rettleiingskompetanse og god evne til å organisere
- Gode kommunikasjonseigenskaper
- God IT-kompetanse og økonomiforståing
Personlege eigenskapar
- Evne til å inspirere, engasjere og rettleie tilsette til felles målsetting
- Tydeleg og synleg leiar i barnehagen
- Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
- Løysingsorientert og strukturert, og evnar å stå i utfordrande situasjonar
- Er oppteken av å vere fagleg oppdatert, både pedagogisk og på leiing
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 %
- Ein spanande og mangfaldig jobb med kjekke kollegaer
- Nettverk med styrarar og i leiarteam
- Faglege utfordringar i eit spanande og positivt arbeidsmiljø
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Gode pensjonsordningar gjennom SPK/KLP
- Løn etter kommunalt regulativ
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging
Kontaktinformasjon
Wenche Fagerbakk, Einingsleiar barnehagar, 957 48 374, wenche.fagerbakk@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Lundavegen 159
5690 Lundegrend
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4340579892
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2021
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.