2. gangs utlysning Psykologspesialist/ Psykolog - Nordfjord psykiatrisenter
Org. nr: - Stillingsident: 4081509307 Presentasjon av stillinga:
Nordfjord psykiatrisenter har ledig 2 x 100% fast stilling for psykologspesialist/ psykolog. Vi yter tenester til personar med ulike psykiske lidingar og rusproblematikk. For å kunne gje eit best mogleg tilbod legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Psykiatrisenteret består av tre seksjonar, rus, døgn og dag.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, utredning og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit.
- Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov.
- Vi legg vekt på brukermedverknad.
- Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
- Samhandling med pårørende
- Psykologar er saman med legane med i tilsynsordninga for somatiske avdelingar ved Nordfjord sjukehus
- Ein må rekne med reiseverksemd og ambulant arbeid.
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/ psykolog
- Klinisk erfaring og/ eller interesse for for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
- Førarkort klasse B
- Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitestilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting.
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege Eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
- Evne til å prioriter oppgaver i en hektisk kvardag
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
- Personleg eigna
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode mulegheiter for fagleg utvikling
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Trivelig arbeidsmiljø.
- For ikkje- spesialister vert det lagt tilrette for å fullføre spesialisering
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
May Kristin Sæther, seksjonsleiar NPS Dag, (+47) 901 17 856
Arild Nøsdal, Seksjonsleiar NPS Rus, (+47) 578 64 342 / (+47) 578 64 330
Arbeidsstad
Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Førde
Ref. nr.:4081509307
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 23.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4081509307&company_id=57830203&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og trygge tenester for pasientar og brukarar. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i faglege og organisatoriske nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 300 tilsette og eit budsjett på nesten 3 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF.