Avdelingsleiar kultur - 100 % vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Org. nr: 963 989 202 Stillingsident: 4297203828 Presentasjon av stillingen:
I samband med at avdelingsleiar kultur skal ut i permisjon har vi ledig 100% vikariat som avdelingsleiar kultur i Stryn kommune. Vikariatet vil vare frå 01.02.21-31.10.21.
Stryn kommune har stort fokus på kultur med eit vidt spekter av frivillige lag og organisasjonar som arbeider med kultur og idrett.
Avdelingsleiar kultur er knytt til skule- og kulturavdelinga og kommunalsjef for skule og kultur er avdelingsleiaren sin næraste overordna.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar kultur har ansvar for å leggje til rette for kultur- og fritidstiltak for innbyggjarane, med mellom anna barne- og ungdomsarbeid og samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Avdelingsleiaren har overordna ansvar for kulturavdelinga og personalansvar for leiarar innan fagfeltet; bibliotek, kulturskule og kulturhus. Stillinga inneber mellom anna ansvar for sakshandsaming, planarbeid og kommunale arrangement innanfor kulturområdet.
Kvalifikasjonar
- Relevant kulturfagleg utdanning på universitets-/høgskulenivå
- God og inspirerande leiar med evne til å administrere, organisere og gjennomføre aktivitetar
- God data og IKT-kompetanse/erfaring
- God økonomiforståing/-styring
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og kreativ innan heile kulturfeltet
- Gode samarbeidsevner og skapar godt arbeidsmiljø
- Ein må kunne jobbe sjølvstendig i eit til tider hektisk miljø
- Har evne til å skape gode relasjonar både i og mellom avdelinga Har høg fagleg kompetanse innanfor ansvarsområdet
Vi tilbyr
- Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Hilde Lødøen, Kommunalsjef skule og kultur , 57874751
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stryn Kommune
Referansenr.:4297203828
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2021
Sluttdato: 31.10.2021
Søknadsfrist: 25.10.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Adresse
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. februar 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. oktober 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4297203828_Stryn Kommune_webcruiter
Stillingsnummer: f1b0751c-ff26-4987-b0ff-c326e30bfe44