Rådgivar i forskingsadministrasjonen - st. nr. 5/2019
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda er det i samband med avvikling av foreldrepermisjon ledig eit vikariat i 50 % stilling som rådgivar i forskingsadministrasjonen frå 1.4.2019 til 31.12.2020. Stillinga kan verte forlenga eller utvida. Vi søkjer ein positiv og fagleg engasjert medarbeidar som vil vere med på å vidareutvikle forskingsadministrasjonen som ressurs for dei faglege tilsette og leiinga ved Høgskulen i Volda.
Kvalifikasjonskrav
. Høgare utdanning med master i eitt av fagområda ved Høgskulen i Volda
. IKT-kompetanse
. Erfaring frå UH-sektoren
. Innsyn i og/eller erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid
. Gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Ønska kvalifikasjonar
. Er positiv og engasjert
. Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
. Har analytiske og organisatoriske ferdigheiter
. Er sjølvstendig, initiativrik og utviklingsorientert
. Er serviceinnstilt og fleksibel
Det vil bli lagt vekt på relevant utdanning/praksis og personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgåver
. Generell sakshandsaming på FoU-området
. Forskingsetikk: Sakshandsamar og kontaktpunkt
. Personvern: Kontaktperson for NSD og brukaransvarleg for meldingsarkivet for HVO
. Utvikling av eksisterande rutinar og retningslinjer innanfor forskingsetikk og personvern
Det kan kome endringar i arbeidsoppgåver.
Vi kan tilby
. Eit triveleg arbeidsmiljø
. Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
. Gode moglegheiter for fagleg utvikling
. Kontakt med eit aktivt og spennande forskingsmiljø
. Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
. Trening i arbeidstida
. God pensjonsordning
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: rådgivar 1434 frå kr 472 300 - 611 000.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV
Søknadsfrist: 25. februar 2019.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte forskingssjef Henriette Hafsaas, tlf: 70 07 54 89 eller høgskuledirektør Per Halse, tlf.: 70 07 51 46.
Om Forskingsadministrasjonen
Forskingsadministrasjonen har for tida to tilsette og er ei eining i fellesadministrasjonen ved høgskulen som er direkte underlagt høgskuledirektøren. Forskingsadministrasjonens målsettingar er både å støtte opp om forsking og formidling ved Høgskulen i Volda og å stimulere til auka publisering og fleire søknader om eksterne forskingsmidlar.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv.
Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.