Rektor ved Leveld skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Ål kommune
Leveld skule
Ingress
Vil du vere med å vidareutvikle ein god læringsarena for barn og unge i Ål?
Me søker
Det er ledig 100 % fast stilling som rektor ved Leveld skule frå 01.08.20.
I Ål kommune er det fire barneskular og ein ungdomsskule. Leveld skule er ein grendeskule med ca. 65 elevar, fordelt på 1.-7. trinn, og har om lag 10 lærarårsverk. Samarbeid og sameksistens med bygd og folk er viktig. Gode høve til bruk av areal til aktivitet og leik også utanom skulen sin uteleikeplass. Skulen har eit godt personalmiljø prega av engasjement, humor og fagleg delingskultur, der eit godt læringsmiljø er sentralt. Leveld skule har eit nært samarbeid med Nordbygdene barnehage med felles personalrom, fellessamlingar og felles uteleikeplass.
Skulen er godt utstyrt for å kunne drive variert og tilpassa undervisning. Elevane har kvar sin iPad, og pedagogisk bruk av digitale verktøy er ein sentral del i skulens didaktiske verksemd. Skulen deltek i lærande nettverk saman med dei andre barneskulene i Ål. Dagens rektor er prosjektleiar for prosjektet "Det digitale klasserommet i fagfornyinga".
Betre læring er felles kommunal oppvekstplan der "livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø" er overordna mål. Difor er også "inkluderande undervisning" hovudfokuset i fagfornyingsarbeidet vårt. I dette arbeidet har skulen mellom anna etablert eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet i faga norsk og matematikk.
Rektor er fagleg og administrativ leiar for skulen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
- Relevant undervisningskompetanse
- Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller skuleleiarutdanning (t.d rektorskulen) og leiarerfaring
- IKT-kompetanse
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for drift av skulen
- Personal- og budsjettansvar
- Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte for alle elevar
- Vere aktiv deltakar i skuleleiarforumet i kommunen
- Sikre godt skule-heim samarbeid
- Vidareutvikle skulen og samarbeidet i nærmiljøet
- Prosjektleiar for prosjektet "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" kan bli lagt til stillinga.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Det er ynskjeleg at rektor
- er framtidsretta og har evne til langsiktig planlegging
- er oppdatert innanfor grunnskulefeltet
- resultatorientert
- har erfaring og evne til leiing i utviklingsarbeid
- er fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel skulekvardag med varierte oppgåver
- er ein tydeleg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere og inspirere til felles innsats
- har gode samarbeidsevner og kan skape gode relasjonar
- har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med lærarar, elevar, foreldre og andre samarbeidspartnarar
- har god formidlingsevne muntleg og skriftleg
Me tilbyr
- Ein variert og utfordrande jobb
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid og eit godt samarbeid mellom grunnskulane i kommunen
- Leiarstøtte
- Moglegheit for å ta rektorskulen
- God pensjonsordning
Lønsvilkår
Løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest. Den skal ikkje leggjast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn ved tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk "Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i
tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa som du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Ål kommune
Adresse
Nordbygdvegen 950, 3570 Ål
Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen, er den største av kommunane i Hallingdal med litt under 5 000 innbyggjarar og med Bergensbanen og RV 7 som hovudårer. I Ål finn du mellom anna Ål kulturhus med Landsdelscene for dans, og det lokalmedisinske senteret, Hallingdal sjukestugu. Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. Kommunen har innført iPad/PC til kvar elev og lærar og brukar ny teknologi i undervisninga. Framover vil "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde.I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 18. mars 2020
Hentet fra: Ål kommune
Referanse: enterprise-al.hdnett.no/recruitment/opening?0?687
Stillingsnummer: f13d5e25-dde6-416f-9fdc-52b8b866a06e