Personalrådgjevar - 100 % årsvikariat
Org. nr: 961382246 Stillingsident: 4468895071 Presentasjon av stillingen:
Vang kommune har ledig 100 % årsvikariat som personalrådgjevar frå ca april 22. Vi søkjer ein person som er relasjonsorientert, positiv og strukturert.
Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab, med stabssjef som næraste leiar. Som personalrådgjevar i Vang kommune arbeidar du tett saman med leiarar, tillitsvalde og medarbeidarar i alle aspekt av personalforvaltninga. Stillinga er allsidig, med både rutineoppgåver og meir komplekse arbeidsoppgåver, noko som gir deg ein svært variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende. Personalrådgjevar er med i regionalt personalleiarforum for kommunane i Valdres. Kommunen brukar blant anna Visma Enterprise HRM, Webcruiter og Acos Websak. Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming innan personalområdet
- Rådgjeving innan personalområdet
- Rekruttering og tilsetjing (sakshandsaming/rådgjeving)
- Tett dialog og samarbeid med leiarar og tillitsvalde
- Tariffoppgjer og forhandlingar, medlem i forhandlingsutvalet
- HMS- og IA-arbeid
- Internkontroll, mellom anna oppdatering av relevante dokument
- Utviklingsarbeid
- Systemadministrator for mellom anna internkontroll og rekrutteringsprogram mm
Kvalifikasjonar
- Relevant bachelorutdanning frå høgskule- eller universitet. Lang relevant tenesteerfaring kan
kompensere for manglande formalkompetanse - Fortrinnsvis relevant praksis
- God kjennskap til lov- og avtaleverk for kommunal sektor
- Gode IKT-kunnskapar og interesse for bruk av data som verktøy
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- God evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
- Fleksibel, positiv og løysingsorientert
- Stukturert, god gjennomføringsevne og god arbeidskapasitet
- Relasjonsorientert og god til å kommunisere med både leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, god forsikrings- og pensjonsordning, fleksibel
arbeidstid og hjelp til å skaffe bustad.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
For informasjon om kommunen, organisering og tenestar, sjå www.vang.kommune.no For meir informasjon om livet i Vang kommune, sjå www.vangivaldres.no
Kontaktinformasjon
Ole Martin Alfstad, Stabssjef, 613 69 400 , Ole.Martin.Alfstad@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4468895071
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.04.2022
Sluttdato: 30.04.2023
Søknadsfrist: 03.02.2022
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.