Pedagogisk leiar 2.gangs utlysning
Stillingsannonsen er inaktiv.Klepp kommune, Borsheim barnehage
Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe
Org. nr: - Stillingsident: 4440294005 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer vikar for pedagogisk leiar i 100 % stilling frå 01.02.22 til 30.06.23
Ein av våre tilsette bidrar til befolkningsveksten i Klepp kommune, og vi er derfor på jakt etter deg som er barnehagelærar og vil vere med oss i Borsheim barnehage på laget som vikar for pedagogisk leiar.
Sentralt plassert med utsikt over Borestranda i vest og Orrevatnet i sør finn du Borsheim barnehage med sine fire avdelingar, omgitt av kanskje det beste Klepp har å by på av natur og opplevingar. Her er elementa tett på, og opplevingane likeså. Sjøen, gardar, dyreliv og skogar er lett tilgjengeleg for både store og små. I Borsheim vil vi at barna skal få oppleve gleda av å bruke det unike nærmiljøet rundt oss. Saman med ein engasjert, kompetent og lystig gjeng som jobbar her skal barna få undre seg, skape, meistre og forstå.
I Borsheim skal vi skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Alle skal oppleve tryggheit, respekt og inkludering
Verdigrunnlaget vårt er sjela vår, hjartet vårt. Varmen vår. Verdigrunnlaget skal vere vårt anker og vi skal alltid vere bevisst dette i arbeidet vårt i Borsheim barnehage.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har det administrative og pedagogiske ansvaret for ein avdeling. Dette inneber ansvar for planlegging, gjennomføring , evaluering og dokumentasjon etter gjeldande planar, reglar og lovar.
Pedagogisk leiar har ansvar for oppfølging av barn, samarbeid med foreldre og eksterne samarbeidspartnarar.
Pedagogisk leiar deltek i utarbeiding av barnehagens overordna planar saman med leiarteamet.
Pedagogisk leiar har ansvar for rettleiing og leiing på avdelinga og skal delegera arbeidsoppgåver til personalet og sikre at avdelingas mål blir nådd.
På avdelingar med to pedagogiske leiarar vil ein saman med styrar fordele ansvars- og arbeidsoppgåver.
Pedagogisk leiar rapporterar til styrar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar eller tilsvarande. (vi oppmodar også andre med relevant utdanning til å søkja.)
- Personleg dugleik vil bli vektlagt.
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkarar med skandinavisk språk som morsmål (jf. Lov om barnehagar § 18 a)
- Dei som får tilbod om stilling må framlegga politiattest, jf. lov om barnehagar § 19. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar
- Du må ha blikk for alle
- Du må kunne ta i eit tak
- Du må bry deg
- Du må kunne tenke fritt
- Du må vere nysgjerrig
- Du må kunne by på deg sjølv i møte med barn, foresatte og kollegar.
Vi tilbyr
Livsglede og gode kollegar.
Spanande pedagogiske utfordringar.
Klepp kommune har velferdsordningar og pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår, og med de plikter, som følgjer av utlysing og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, regelverk og tariffavtaler.
Lønn i høve til lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Kjell Rise, Styrar, 97575922, kjell.rise@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Nordsjøvegen 230
4352 Kleppe
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kommune
Referansenr.:4440294005
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2022
Sluttdato: 30.06.2023
Søknadsfrist: 10.11.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Klepp kommune, Borsheim barnehage
Adresse
Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. februar 2022
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 11. november 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4440294005_Klepp kommune, Borsheim barnehage_webcruiter
Stillingsnummer: f11bca5a-1b07-4129-8fa1-1a33c58682a1