Fast stilling som jurist
Org. nr: 840747972 Stillingsident: 4243224971 Presentasjon av stillingen:
Vi har ei ledig stilling som jurist (førstekonsulent) ved seksjonen for prospekt og finansiell rapportering. Seksjonen har ansvaret for kontroll og godkjenning av prospekt for omsettelege verdipapir ved større offentlege tilbod og noteringar på Oslo Børs. Prospekta skal mellom anna sikre investorar tilgang til finansiell informasjon, som er vesentleg for deira vurderingar.
Vidare fører seksjonen kontroll med årsrekneskap, delårsrekneskap og anna finansiell rapportering frå selskap som er noterte på Oslo Børs.
Den ledige stillinga er på prospektområdet, og her vil du arbeide med eit breitt spekter av børsnoterte selskap. Du vil få eit svært godt innblikk i korleis verksemder fungerer og korleis dei gjennomfører transaksjonar, oppkjøp, fusjonar og kapitalinnhenting. Arbeidet er teambasert, og du vil ha mykje kontakt med advokatar og sentrale personar i dei børsnoterte selskapa du arbeider med. Seksjonen består av 17 engasjerte medarbeidarar med høg og variert kompetanse.
Dette vil være eit unikt høve til å lære mykje av medarbeidar med lang erfaring på dette fagfeltet. For nærmare omtale av Finanstilsynet og prospektkontrollen, sjå www.finanstilsynet.no/tema/prospektkontroll/.
Arbeidsoppgåver
- Kontrollere og godkjenne prospekt som blir utarbeidd i samband med offentlege tilbod om teikning eller kjøp, eller opptak til notering av aksjar og obligasjonar.
- Avklare tolkingsspørsmål av prospektregelverket.
- Arbeidet er utadretta og inneber omfattande kontakt med mellom anna advokatfirma, verdipapirføretak og bankar som hjelper selskapa med å utarbeide prospekt.
Kvalifikasjonar
- Master i rettsvitskap med gode resultat.
- Relevant erfaring frå arbeid med prospektregelverket er ønskeleg.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Høg integritet
Finanstilsynet legg vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna.
Vi tilbyr
-
Utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling i eit miljø med høg fagkompetanse.
-
Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.
-
Pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse.
-
Fleksibel arbeidstid og betalt overtid.
-
Gode treningsfasilitetar og moglegheit for trening i arbeidstida.
-
Tiltreding og lønn etter avtale.
Anna:
-
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentlighetsloven § 25.
-
Vi utfører bakgrunnssjekk av personen som blir tilsett i stillinga.
-
For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no.
-
Dei tilsette i Finanstilsynet må følge strenge etiske retningslinjer, sjå www.finanstilsynet.no/om-finanstilsynet/etiske-retningslinjer/.
Kontaktinformasjon
Christian Falkenberg Kjøde, Seksjonssjef, 22 93 99 46
Arbeidsstad
Revierstredet 3
0151 Oslo
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Finanstilsynet
Referansenr.:4243224971
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2020
Om bedriften
Finanstilsynet arbeider for at finansforetak og finansmarkeder fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukerne av finansielle tjenester. Vi har om lag 300 ansatte og holder til i moderne lokaler i Oslo sentrum. «Det gjennomføres forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringen av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidater som er aktuelle for intervju. Forsøket evalueres av Difi, som behandler anonyme opplysninger om ansettelsesprosessen og det blir utarbeidet en statistikk over resultatet av forsøket. Opplysninger om enkeltpersoner vil ikke bli utlevert til andre i forbindelse med forsøket og evalueringen, men reglene om innsyn i offentlig søkerliste og utvidet søkerliste gjelder.»